22.03.2024

Vi snakkar med stiftinga, Hunder Redder Liv

– Eg berre gjere dette, og eg veit at eg kjem til å redde liv, uttaler Rune Fjellanger.

Tekst: Irene R. Mjelde

– Miner drep og lemlestar sivile over heile verda. I krigsområde er faren reell i fleire tiår etter at krigen er avslutta. I år 2000 kom det forbod mot minelegging, men denne forma for krigføring blir likevel framleis nytta. Landminer er rimelege i innkjøp og følgene har eit enormt langsiktig perspektiv.

Rune Fjellanger har frå tidlegare elleve år bak seg i arbeid med minerydding ved hjelp av hundar.

– På vegne av FN jobba eg frå 1999 til 2010 som konsulent for sveitsiske Geneva International Centre for Humanitarian Demining. Dette er ein internasjonal organisasjon som arbeider med minerydding og risikoreduksjon av eksplosiv ammunisjon, forklarar osingen.

– Prinsesse Diana av Wales var ambassadør for mineryddingsarbeidet, og særleg etter at ho døydde i 1997 blei det «CNN-effekt» på alt vi føretok oss. Minerydding blei det mest sentrale temaet i humanitært arbeid. Med krigane på Balkan – i Bosnia, Kroatia, Serbia og Kosovo kom krigshandlingar plutseleg svært nært Europa, og minerydding fekk høgt fokus i vår del av verda òg av den grunn.

Arbeid med hund har følgt han heile arbeidslivet. Med master innan biologi og spesialisering i hunden sin luktesans, har han i 30 år utvikla metodar for å optimalisere hundar sin evne til å oppdage luktsubstanser. Etter mange år med opptrening av hundeinstruktørar i felten, med tilhøyrande lange opphald i utlandet, valte Fjellanger frå 2010 å fokusere på eigen forsking i heimlandet.

Det er ikkje til få elevar og instruktørar han har vidareført si kunnskap om kva ein kan utrette i lag med hundar. Sidan 1988 har han drive Fjellanger Hundeskole AS. I 2019 etablerte han bedrifta Nordisk Sprengstoffhund, retta mot bygg- og anleggsbransjen, og i 2022 tok han kunnskapen sin med inn i den vidaregåande skulen. Gjennom bedrifta si Dyrefag AS, tilrettelegg han undervisning ved vidaregåande naturbrukskular.

– Eg er slik av natur at eg ikkje slår meg til ro. Eg tenker stadig nytt, og opplæring i den vidaregåande skulen har vore ein av «beibiane» eg har vore med å klekke ut, fortel Fjellanger.

Det sistkomne steget på stigen er stiftinga «Hunder redder liv», der han i eit team med tre fungerer som dagleg leiar.

– Fortel litt om stiftinga di!

– Då krigen starta i Ukraina blei eg kontakta av den tidlegare sjefen min. «No må vi gjere ein innsats for Ukraina» oppmoda han, og fortalte at han var i gong med å samla saman eit globalt arbeidslag med omfattande kunnskap om minerydding.

Fjellanger fortel at Norsk Folkehjelp, heilt sidan slikt arbeid starta på slutten av 90-talet, har vore den største og best markerte bedrifta når det gjeld humanitær minerydding ved hjelp av hund.

– Terje Groth Berntsen, som etablerte dette arbeidet hos Norsk Folkehjelp, og som har vore leiar der i nesten 20 år, er no ein av dei to kollegaane mine i stiftinga «Hunder redder liv». I tillegg til arbeidet sitt for Norsk Folkehjelp i Bosnia & Herzegovina, har han vore mange år i forsvaret si hundeteneste, der han blant anna har hatt fleire periodar i Libanon.

Tredjemann på laget er Håvard Bach.

– Håvard har over 35 år bak seg med humanitær minerydding i meir enn 25 land. Han har spelt ei nøkkelrolle i å fremje profesjonalisering og effektivisering av den globale hundetenesta. Han er organisatoren i stiftinga vår, og står blant anna for å innhente pengestøtte frå britiske og sveitsiske «donorar» som støtter slike store hjelpeoperasjonar, reiegjer Fjellanger.

– Til saman er vi tre dedikerte eldsjeler. Vi grunnla «Hunder redder liv» fordi vi ønsker å anvende den omfattande erfaringa vår innan global humanitær minerydding med bruk av hundar, til å fremje auka bruk av minehundar i Ukraina.

Å fjerne landminer bidrar til raskare gjenoppbygging av infrastruktur i krigsherja land.

– Ukraina står for ein stor del av Europas kornproduksjon. Landet er eit av verdas største kornkammer. Det er særs viktig for både ukrainarane, og oss, at dei kan kome i gang igjen med arbeidet på markene. Men slik det er no, med minefaren hengande over seg, kan ikkje bøndene ferdast fritt. Jordene gror til, og vegen tilbake til kornproduksjon aukar jo lenger arbeidet ligg brakk.

Minerydding ved hjelp av hund er den mest miljøvenlege måten å gjere arbeidet på.

– Alternativet er å bruke store maskiner. Men det skapar erosjon og øydelegg jorda ned til ein halv meters djupn. Hundar øydelegg ingenting, påpeiker Fjellanger.

Den første tida av krigen valde Ukrainske styresmakter å sjølv styre arbeidet med humanitær minerydding, men dette har dei no innsett blir for omfattande å få til på eiga hand.

– Vi stod klare allereie for eit år sidan, men blei stoppa av FN. No skal vi omsider i gong. Vi har fått tildelt eit gardsbruk som skal fungere som base og treningsområde, og skal bruke våren til å bygge opp lokasjonen.

«Hunder redder liv» blir dei første i verda som får starte med humanitær minerydding ved hjelp av hundar, i Ukraina. Åtte ferdigtrena hundar, samt profesjonelle hundeførarar, vil bli overført frå Azerbaijan og Ungarn, til lokasjonen der.

 

– Forklar di oppgåve i «Hunder redder liv»!

– Eg er forskaren og utviklaren, og skal ha rolla med å skape støttemateriell for ukrainarane. Det vil seie at eg skal stå for opplæring av nye hundeførarar, og eg skal òg arbeide med å hente inn fleire hundar. Dei åtte vi startar med er berre byrjinga.

Fjellanger forklarer at det ikkje er utlendingar som skal redde Ukraina frå mineproblemet deira.

– Mineryddingsarbeidet vil vare i mange tiår. Det langsiktige arbeidet må ukrainarane gjere sjølve. Vår jobb blir å trene dei opp i å handtere sitt eige problem, ved å hjelpe dei i gong, med å skaffe ressursar, med hundar og med kompetanse.

– Kva type hundar brukar de?

– Rasen Malinois, ein type belgisk fårehund, er sjølve «ferrarien» av tenestehundar. Såkalte «maller» er totalt sett den desidert mest brukte tenestehunden i verda. Det er ein komplisert hund å bruke, men òg den beste. Når vi sender instruktørar inn i minelagte områder må vi vere hundre prosent trygg på at hunden kan sine ting.

Fjellanger fortel at rasen er uthaldande og har enormt god fysikk.

– Desse hundane er ikkje av typen som begynner å kjede seg, og så tenker sjølv. Dei er dedikerte og intense i å utføre oppgåvene dei er opplært til å utføre. Eg plar seie at hundar av denne rasen er enkle i hovudet, dei har seks i gym og to i matte.

– Korleis er marknaden innan feltet ditt? 

– Marknaden er utømmeleg. Det einaste som tel er kvalitet, og om ein har dét vil marknaden for «Hunder redder liv» aldri ta slutt. Mineproblemet vil dessverre finnast i lang, lang tid framover.

Minerydding i år 2000, då Fjellanger starta med slikt arbeid, og minerydding i dag, er to forskjellige ting.

– No kombinerer vi teknologiske hjelpemiddel saman med hundar. Med «Hundar redder liv» skal vi jobbe smart og teknologisk riktig, på best tenleg måte.

– Kva er den største utfordringa di?  

– Det som kan forseinkar oss er om vi ikkje klarar å hente inn tilstrekkeleg økonomisk støtte. Då vil vi ikkje klare å bygge opp infrastrukturen vår og auke talet opptrente hundar. Ein hund kan brukast maksimalt i åtte-ni år. Vi skal trene opp fleire hundar og fleire hundeførarar, dei fleste av dei ukrainarar, for slik å skape mest mogleg hjelp til sjølvhjelp.

– Kva planar har du for framtida?  

– For mi eiga verksemd går retninga frå å drive kurs- og hundepensjonat, til å drive med trening av sprengstoffhundar og minehundar, samt opplæring av personell, på eit høgt internasjonalt nivå. Det som gjeld for meg no, er å skape dei beste tenestehundane i verda.

– Kva verdi ser du i å vere medlem av Bjørnafjorden næringsråd?

– Det ser eg stor verdi i. Nettverksbygging, og det å få drahjelp via næringsrådet, er heilt strålande.

Fjellanger sat i eit av dei tidlege styra for Os næringsråd.

– Eg var på den tida med på å etablere Gründerparken. Dei siste par åra har eg vore eit passivt medlem, men no snevrar eg inn alle gjeremål og delegerer meir, så tida er kanskje moden for å igjen vere eit meir aktivt medlem.

Fakta om stiftinga «Hunder redder liv»:

  • Utfører kompetansebyggande arbeid for effektiv rydding av miner og eksplosivar.
  • Adresse i «Åsen», Lyseklostervegen 310.
  • Har 3 tilsette.
  • Eigd av Rune Fjellanger, Håvard Bach og Terje Groth Berntsen.
  • Etablert i 2022
  • Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd.