24.11.2023

Vi snakkar med 2Stabilise!

Novemberutgåva av Medlemspraten er ingen ringare enn ein «EY Entrepreneur of the year».

Tekst: Irene R. Mjelde

– Det er nesten ikkje til å tru, seier Kjell Bjørnar Størksen.

Han er dagleg leiar i 2Stabilise, den vesle Os-bedrifta som blei etablert i 2017, og såleis berre har seks år bak seg.

– Vi er ikkje store, og vi har ikkje halde på lenge. Prisutdelar Ernst & Young hadde bedrifter frå 60 land, i år heile 300 utvalde bedrifter berre i Noreg, å velje mellom. At det blei vesle oss som vart nominert til den gjeve verdsomspennande prisen er heilt eventyrleg.

– Fortel litt om bedrifta di!

– 2Stabilise er eit lite oljeserviceselskap som produserer og installerer stabiliserande fôringar rundt røyr på oljeplattformar og offshore vindmøller. Desse støyper vi i den vedlikehaldsfrie massen polyuretan, og erstattar slik gamle vedlikehaldskrevjande løysingar med vår eigen innovative løysing.

Polyuretan blir brukt i særs mange produkt. Det skal brukast innan seks månader frå det er produsert, og i tida frå produsering og fram til støyping av produkt må massen haldast varm og flytande.

– Etter kvart blir det mykje overskotsmateriale. Polyuretan er kostbart og heilt meiningslaust å kaste. Slik mentalitet er heller ikkje noko eg vil vere kjent med. Eg måtte derfor tenke ut ein alternativ bruk for overskotet vi sat igjen med etter oppdraga våre.

Løysinga Størksen fann var å produsere skreddarsydde fenderar som kan erstatte alle dei miljøfiendtlege gummidekka som heng rundt om på alle kaianlegg.

– Utrangerte traktordekk forsøplar til dei grader. Sjøbotnen rundt kaiane blir i dag forureina av mikroplast og miljøfiendtlege kjemikaliar frå dekkrestar. Ved å erstatte desse med vedlikehaldsfrie fendrar i polyuretan, har vi skapt ei berekraftig løysing på eit globalt miljøproblem.

– Kva konkurransefortrinn har 2Stabilise?

– Vi definerer vår løysing som vedlikehaldsfri, noko som er særs unikt i denne bransjen. Ifølge det enorme oljeselskapet BP.uk har vi det beste stabiliseringsproduktet i verda, påpeiker den innovative polyuretan-pioneren.

Størksen har arbeidd i oljebransjen heile yrkeslivet. Han begynte som praktikant i Veritas som 17-åring, så langt tilbake som til 80-talet. Arbeidet hans som inspektør har i alle desse åra dreia seg om å avdekke problem for så å løyse dei. Slik har han opparbeidd ei unik evne til å sjå moglegheiter der andre ser hindre.

– Selskapet vi jobba i før 2Stabilise gjorde den første installeringa i 1999. Sidan den gongen har vi føretatt 1200 installeringar over vatn og rundt 100 under vatn. Til no har vi ikkje fått ein einaste reklamasjon, røper Størksen.

– Vi er kvalitetsbevisste, leverer til fastsett tid, og vernar godt om renommeet vårt. Når kundane kjøper eit produkt av 2Stabilise får dei kvalitet i alle ledd.

– Korleis er marknaden innan feltet dykkar? 

– Spanande og uføreseieleg, men vi er tilpassingsdyktige, kjem det kjapt frå den daglege leiaren.

2Stabilise leverer og installerer per i dag i norsk, engelsk, dansk og malaysisk sektor.

– Den banebrytande teknologien vår innan bruk av polyuretanbaserte løysingar har opna dører for svært mange nye marknadar. Ved å tilpasse og vidareutvikle produktet vårt har vi utvida bruksområdet, og kan derfor tilby unike løysingar til svært mange bransjar og kundegrupper. Vi er eit lite selskap, men vi har heile verda å «ta av».

– Kva er den største utfordringa dykkar?  

– Det må vel vere at ingen av oppdraga våre er identiske. Alle oljeselskap har ulike krav og direktiv. Sjølv innan same selskap varierer behova frå plattform til plattform, og det er ingen automatikk i at vi får levere til ulike plattformar innan same selskap.

Dei marknadsfører seg aktivt og søker heile tida nye kundar.

– Slik må det bli når produkta våre er vedlikehaldsfrie. Vi veit vi har det beste produktet, men vi må òg levere på alle plan og vere så synlege i marknaden som det er mogleg å få til. Det er ei stor utfordring å selje nye produkt, uansett kor bra dei er.

Ei utfordring er det òg at stabilisering i Nordsjøen er sesongbetont.

– Vi gjer arbeidet vårt hengande i tau, så vi er avhengige av at vêr og vind spelar på lag.

– Kva planar har de for framtida?  

– Å sikre oss arbeid jamt og trutt. Eg har ikkje planar om at vi skal bli eit stort selskap, men vi vil erstatte alle dei forureinande fenderane som heng på kaianlegga i dag med våre miljøvenlege, og Noreg har ein lang kyst. Marknaden er såleis særs stor, så kven veit.

Kaien på Os er allereie forsynt med nye fendrar. 2Stabilise fekk noko støtte frå Innovasjon Norge til dette, men størsteparten av utgiftene tok dei sjølve.

– Det blei det første industrikaiprosjektet vårt. Det var kjekt å oppgradera det lokale kaiområdet, og jobben gav meg særs kort arbeidsveg, humrar Størksen.

– Kva verdi ser de i å vere medlem av Bjørnafjorden næringsråd?

– Det har stor verdi for oss. For å kome oss inn på marknaden med det nye tilleggsproduktet vårt, treng vi kjennskap til lokale aktørar. Vi er òg medlem av Vest næringsråd og ser synergieffekten av at mange står saman. Det kan høyrast flåsete ut, men sanninga er at eit stort tal oppdrag kjem inn som følgje av tilfeldigheiter. Eit stort og godt nettverk er ekstremt viktig, spesielt no når vi har begynt å bevege oss «byshore».

Kundenettverket på land er eit heilt anna enn det er i offshore-sektoren.

– Det nyttar ikkje å sitte med eit godt produkt om ein ikkje har kundar. Og for å skaffe seg kundar må ein ha nettverk. Ein treng ikkje vere rakettingeniør for å forstå dét, avsluttar Størksen.

Fakta om 2Stabilise:

  • Produserer og installerer stabiliserande polyuretan-fôringar rundt røyr på oljeplattformar og offshore vindmøller. I tillegg produserer dei miljøvenlege, vedlikehaldsfrie fenderar for kaianlegg, og dei tilbyr innvendig videoinspeksjon av røyr, slangar, tankar og andre tronge rom.
  • Adresse Holtbrekka 7, 5200 Os.
  • Har ni tilsette.
  • Omsetnad for 2022 var 30 millionar.
  • Kjell Bjørnar Størksen er hovudaksjonær med 38 prosent. Resten av aksjane er eigd av gründerar og investorar som var med frå starten.
  • Etablert i 2017.
  • Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd.
  • Nettside: 2stabilise.com