03.11.2023

Vi snakkar med Landskapsingeniør Ingrid M. Wirkola AS!

– Eg heiar på det «ville», det som ikkje er så straumlineforma, forkynner landskapsingeniør Ingrid Madsen Wirkola.

Tekst: Irene R. Mjelde

Etter mange år som fast tilsett hadde Ingrid Madsen Wirkola lyst på andre, og nye, utfordringar. Derfor starta ho i mai 2022 bedrifta si, Landskapsingeniør Ingrid M. Wirkola AS.

– Eg trengte litt meir krut i kvardagen, men det er jammen mykje å famne om når ein startar for seg sjølv, vedgår ho.

– Ein hoppar rett inn i ting ein verken var klar over at ein skulle i gang med, eller har kunnskap om. Men litt etter litt ordnar det seg.

– Fortel litt om bedrifta di!

– Arbeidet som landskapsingeniør går ut på å heve kvaliteten på utomhus byggeprosjekt, forklarar Wirkola.

– Enkelte gonger sit eg i ei støtterolle for kunden, og fungerer med min fagkunnskap som ein kvalitetsforankrande flik i større prosjekt. Andre gongar har eg leiarrolla innan prosjekt, bygg og anlegg. Produktutvikling, rådgjeving og kvalitetssikring er det eg jobbar mest med i år.

Allsidigheita til Wirkola sitt firma er stort. Ho planlegg, prosjekterer, skriv kontraktar, og er ein fagsterk samarbeidspartnar i gjennomføringa av prosjekt frå start til slutt.

– Byggverk skal halde lenge, det skal ikkje berre sjå fint og fjongt ut. Med enkle grep kan løysingar bli betre og halde mykje lenger. Samtidig har eg kunnskap om korleis ein kan senke kostnader i eit prosjekt. Eg ser heilheita, og veit kva som skal til for å vite kvar lista skal leggast, og kvar pengane skal brukast.

Til dømes kan kummer og rør i enkelte tilfelle bytast ut med eit enkelt regnbed, reiegjer Wirkola.

– Slik lar ein naturen ordne opp, og ein treng ikkje ein vaktmeister til å reingjere kummen. Det er ikkje alltid at «slik me har gjort det i alle år» er den beste løysinga.

– Kva konkurransefortrinn har bedrifta di?

– Mi største styrke er at eg er fagleg sterk, og at eg har mykje praktisk erfaring som støtter opp under det teoretiske. I tillegg er eg særs uredd og målretta, og eg veit at når dei hyrer meg, hevar kundane kvaliteten på prosjektet sitt.

Wirkola har utdanning frå landskapsingeniørlina på universitetet på Ås, og brei arbeidserfaring; frå arkitekt- og landskapsarkitektkontor, plan-, entreprenør- og prosjekteringsbransjen, frå Statens vegvesen, og frå arbeid som anleggsgartnar.

– CV-en min er litt prega av at eg synest alt innan faget mitt er gøy og spennande, ler ho.

– Eg har vore veldig nysgjerrig og har prøvd meg både innan tilbod som har dukka opp, og arbeid eg sjølv aktivt har henta inn. Eg har vore innom heile spekteret. I den siste stillinga mi, som byggeleiar for bybana line to, fekk eg sydd saman all innhenta kunnskap.

Landskapsingeniøren innrømmer at ho ikkje har så mange konkurrentar.

– Utdanninga mi, og arbeidsbakgrunnen min, gjer meg fleksibel og fagleg solid på fleire plan. Det gjev meg ei særstilling. Eg har mykje organisatorisk erfaring, men har og bakgrunn innan praktisk arbeid, som med natursteinsmurar og ulike typar steindekker – naturstein, betong og brustein.

Dei seinare åra har ho og arbeidd mykje innan grøntanlegg; jord, natur og tre. Det gleder henne stort at den grøne delen stadig får større omsyn i prosjekta.

– Det har blitt større fokus på blågrøne, naturbaserte løysingar. Det å ta vare på naturen, samt reetablering, gjenbruk og gjenskaping, er heldigvis blitt inn i tida.

Det er spenninga i det ville og naturlege landskapsingeniøren frå Os traktar etter når ho kreerer utsiderom for kundane sine.

– I altfor mange år har hagar og offentlege anlegg vorte utforma i harde, strukturerte og skarpe liner. Det blir kjedeleg og einsformig. Eg er svært glad for at stadig fleire får auga opp for å hente inspirasjon frå naturen.

– Korleis er marknaden innan feltet ditt?

– Sjølv om eg ikkje har merka så mykje til det, veit eg at det for tida går litt trått i byggebransjen. I prosjekteringsbransjen går det betre.

Ho er klar på at det kan vere vanskeleg for firma å fylle ei heil stilling med hennar profesjon.

– Derfor er det ein stor fordel at eg kan leigast inn som hjelpar for ulike prosjekt. Det blir stilt store krav til utomhuskvalitetar, og for min del er det jamt over godt trykk på oppdragstilbod.

– Kva er den største utfordringa di?  

– Å kome innanfor hos enkelte store og veletablerte firma kan vere vanskeleg som «liten». Utdanninga mi er forhaldsvis ny, og mange veit ikkje kva profesjonen min som landskapsingeniør går ut på. Dei sidestiller meg med landskapsarkitektar, som har heilt andre ansvarsområde. Det gjer at eg må marknadsføre profesjonen min like mykje som eg gjer med firmaet.

Ein annan utfordring Wirkola har er at ho ikkje verken er god til, eller glad i å reklamere for seg sjølv.

– Eg har mykje ubrukt potensiale innan marknadsføring. No for tida prøver eg å bli betre på sosiale medium. Eg må øve meg på å ikkje vente til eg , men marknadsføre før eg må.

– Kva planar har du for framtida?  

– Namnet på bedrifta mi avslører at eg ikkje har tankar om å la bedrifta vekse seg stor. Tida får vise om eg nokon gong kjem til å tilsette fleire. Eg skal halde fram med arbeidet mitt og finne ein solid ståstad i marknaden, for eg blir aldri lei av å få vere med på å utforme interessante utomhusprosjekt.

– Kva verdi ser du i å vere medlem av Bjørnafjorden næringsråd?

– For min del er det perfekt med medlemskap i næringsrådet. Om eg skulle melde meg inn var ikkje eit spørsmål, det var ei sjølvfølge. Eg har stor nytte av kursa og arrangementa deira.

Særs pris set Wirkola på nettverket ho som medlem naturleg knyt til resten av næringslivet i Bjørnafjorden.

– Næringsrådet gjev meg lokal forankring, sjølv om oppdraga mine oftast er Bergens-basert. Det er fint å ha ein stad å høyre til, spesielt når ein arbeider for seg sjølv.

Fakta om Landskapsingeniør Ingrid M. Wirkola AS:                  

  • Tilbyr rådgjeving, planlegging, kvalitetssikring og oppfølging, samt prosjekt-, anlegg- og byggeleiing – tenester som hever kvaliteten på utomhus byggeprosjekt.
  • Omsetnad for åtte månader i 2022 var i overkant av ein million.
  • Har éin tilsett.
  • Eigd av Ingrid Madsen Wirkola.
  • Etablert i 2022.
  • Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd.
  • Nettside: www.landskapsingenior-ingrid.com