09.09.2022

Vi snakkar med Brødr Borgen Ferdigbetong AS

Medlemspraten denne månaden er med Kristian Borgen, dagleg leiar i Brødrane Borgen ferdigbetong, som held til på Kuventræ. Der har dei vore i snart 70 år, og planlegg minst nye 70 i den generasjonsrike familieverksemda.

«Det er, og har alltid vore, ei fordel at folk her i bygdo kjenne til oss og namnet vårt. Dei veit kva våre verdiar er, og at dei kan stole på våre tenester» fortel Kristian.

Av Gøril Eline Nordtvedt

1. Fortel litt om Brødrane Borgen ferdigbetong!

Det er ei tradisjonsrik familieverksemd som starta i 1956. Mi bestefar og tre søner starta opp den gongen, og det har heile tida vore ferdigbetongproduksjon i verksemda. Vi feira faktisk 60-års jubileum i 2016! Vi som driv no er 3. og 4. generasjon. Vi har vore same tomt heile vegen, det einaste vi har gjere er at vi har bygga ut undervegs etterkvart som verksemda veks. No er vi fem stykk som driv dette saman og har rundt 17 tilsette etterkvart.

2. Kva slags konkurransefortrinn har de?

Nærleik og kunnskap om marknaden rundt oss. Her får du alltid ein tilråding og god hjelp om det er noko, sjåførane våre er flinke og hjelper alltid til. Vi er eit føretak som tilbyr god service og fleksibilitet, og har god konkurransedyktigheit men er samstundes litt annleis enn mange andre. Vi har identiteten, lokalkunnskapen og historikken som går mange år tilbake i tid. Folk her kjenner ikkje berre namnet men dei kjenner verksemda, våre verdiar og vår identitet.

3. Korleis er det å få kundar no?

Det er litt meir arbeid å få jobbane no enn det har vore tidlegare, men vi har ikkje endra så mykje i måten vi gjer ting på. Det er ikkje så veldig mange andre måtar å jobbe på enn det vi allereie gjer. Marknaden er noko dalande med all usikkerheita som er. Folk tenker litt meir på kva dei skal bruke pengane sine på, så privatmarknaden har justert seg litt. Gjennom coronapandemien hadde vi masse arbeid, det er meir i denne siste tida vi har merka denne endringa. Vi må holde oss aktuell i marknaden og vere konkurransedyktig på pris, men samstundes også kunne møta prisauke på innkjøpssida.

4. Kva er den største utfordringa – om de har nokon?

Vi er ISO 14001-sertifisert. Å få denne er ein høgare terskel enn dei andre miljøsertifiseringane, og det er sjølvsagt veldig viktig for oss å ha alle dei relevante og oppdaterte sertifiseringane. Vi bruker mykje ressursar på å levere CO2-reikneskapar, til døme, og scorer alltid bra på dei. Vi har eit system som fungerer, men det krævast enorme ressursar for å setje seg inn i det til einkvan tid gjeldande regelverk. Eg saknar gjerne endå meir kommunalt engasjement og aktiv bistand for å hjelpe dei små og mellomstore verksemda med å halde seg oppdatert på dei lokale oppdateringane som stadig kjem. For oss er ikkje dette eit stort problem då vi som nemnt brukar ressursar på det, men for bransjen som heile ville det nok vore til stor hjelp med meir kursing eller anna bistand frå til dømes kommunalt hald.

5. Korleis er rammevilkåra i deira bransje? Noko du kunne tenkje deg å ha endra på?

Eg kan ikkje kome på nokre døme på vilkår som eg meiner bør endrast på. Dei vilkåra som er der jobbar vi ut ifrå utan nokre store problem.

6. Kva slags planar har de for framtida?

Vi vet ikkje kva som skjer med E39 endå, og det er litt utfordrande med tanke på planar om utviding. Annars er planen å fortsetje å drive med dette i alle år framover, det er dette vi kan og dette vi ønskjer å gjere vidare. Det er likevel viktig å følga med på utviklinga til dei bransjane som er tett knytte opp mot vår og vår verksemd, som til dømes trelast. Framtida for trelasthandelen vil jo ha ei direkte påverknad på vår framtidige drift også.
«Det er ikkje vits i å setje opp grunnmur om man ikkje har råd til å setje opp treverket oppå», kan ein seia. Om folk ikkje får råd til å kjøpa dyr trelast til å byggja hus vil dei heller ikkje ha bruk for betong til grunnmuren. Hausten blir spennande men vi har muligheiter til nedskalering skulle det vere behov for det. Grunnmurar er ikkje det einaste ein treng betong til!

7. Kva tenker de at de kan få ut av medlemskapet i Bjørnafjorden Næringsråd?

Eg var jo i sin tid med på skipinga av næringsrådet, og har jo følgt med på tilbodet deira i alle desse åra. Eg synast dei får til mykje bra for tida, og kan sjå at dei har eit fokus på lokale verksemder i heile kommunen. Det synes eg er veldig bra. Såframt tida strekk til i ein travel kvardag deltek eg gjerne på dei arrangementa Næringsrådet har!

FAKTABOKS:

  • Tradisjonsbedrift som snart feirar 70-årsjubileum, drifta no av 3. og 4.generasjons Borgener
  • Produserer ferdigbetong både som produkt og teneste
  • Massetransport er ei sentral del av drifta
  • Har heldt til på Kuventræ sidan verksemda vart starta i 1956
  • Tar oppdrag både for privatpersonar og både små og store verksemder
  • Er ei av fleire som kan verte råka av det nye kryssforslaget til Vegvesenet for E39
Brødr Borgen Ferdigbetong AS
Brødr Borgen Ferdigbetong AS
Brødr Borgen Ferdigbetong AS