30.09.2022

Vi snakkar med G. C. Rieber Compact

I 74 år har bedrifta G. C. Rieber Compact levert livreddande næringsprodukt til menneske i naud over heile verda.

Tekst: Irene R. Mjelde

Administrerande direktør i G. C. Rieber Compact, Susanne Almestad frå Oslo, er forhaldsvis fersk i stillinga si. Det same kan ikkje seiast om bedrifta ho leier. Den gamle familieverksemda har eksistert heilt sidan året 1948.

– Eg begynte i jobben i januar i år, og blei bergtatt av området allereie første køyreturen frå Flesland til Søfteland. Naturen her i Os er heilt magisk, avgjer Almestad.

Det vestnorske vêret finn ho ingen grunn til å klage på.

– 15 grader i lufta og litt regn i ansiktet syns eg berre er herleg, melder den blide austlendingen.

At ho må pendle mellom Oslo og Søfteland ser heller ikkje direktøren på som noko stort minus. Medarbeidarane hennar er engasjerte og dyktige, og arbeidet fell rett inn i hennar kunnskaps- og interesseområde.

– Eg har alltid hatt ei sterk interesse for næringsmiddel og har jobba internasjonalt innan denne sektoren i mange år. No, som 55-åring, har eg lyst til å bruke kompetansen min ut over det å berre ta imot ei løn. Eg har, som naboen min sa, «lyst til å løyse problemet, ikkje vere ein del av problemet», og her i G. C. Rieber Compact føler eg at eg får gjort akkurat det.

– Fortel litt om firmaet ditt!

– G. C. Rieber Compact produserer næringsmiddel som anten går til den maritime marknaden, til beredskapsmarknaden, eller til den humanitære marknaden. Det vi leverer er ein type kjekskomprimat som består av vitamin og mineral, samt kveite, olje og litt sukker. Kvar pakke inneheld i overkant av 2200 kaloriar, er deleleg og lettspiseleg, og gjev menneske i naudsituasjonar, gjerne utan tilgang til mat, varme og vatn, ein dagsrasjon av næringsstoffa som kroppen treng.

Å redde liv har gjennom fleire generasjonar vore filosofien og hovudmålet til G. C. Rieber Compact.

– For menneske i naud; flyktningar, sjømenn, og ofre for krig og naturkatastrofar, som har akutt behov for næringstillegg, kan våre produkt utgje skilnaden mellom liv eller død.

I skipsnæringa blir livbåtar utstyrt med nødvendig utstyr. Naudprovianten som då får sin tilmålte plass er ofte produsert på Søfteland.

– Næringsprofilen til produkta er tilpassa marknaden han er meint for. Produkta toler temperatursvingingar, har haldbarheitstid på minst fem år, og pakningane er vantette og toler det meste. Dei kan til og med sleppast ned frå fly utan å ta skade, reiegjer Almestad.

I produksjonsfilialane i India og Sør-Afrika blir det framstilt produkt basert på peanøtter.

– Ein kan samanlikne basen med peanøttsmør, men då igjen tilsett nødvendige vitamin og mineral. Desse produkta er tilpassa underernærte born under to år.

Almestad fortel at om underernærte spedborn får i seg desse næringsmidla i ein dagleg tilmålt dose, over ein periode på rundt seks veker, vil dei oppnå sin nødvendige næringsstatus.

– For utviklinga hos så små born er næringsmangel kritisk. I spedbarnstida blir det etablert fysiske og nevrologiske element som varer livet ut. Om dei ikkje får nok næring i starten av livet klarer dei aldri å hente det inn igjen.

Det skin lett gjennom at Almestad brenn for arbeidet sitt.

– Ja, det er høyst frivillig at eg arbeider i denne verksamheita, vedgår ho.

– Korleis er marknaden innan dykkar felt? 

– 98 prosent av det vi produserer går til eksport, så G. C. Rieber Compact er ei usedvanleg omfattande internasjonal næringsmiddelbedrift. Samtidig leverer vi til ein marknad under stadig utvikling, både på godt og vondt. Vi er marknadsleiarar innan skipsnæringa, og sjølv om den maritime marknaden har stått litt stille under koronapandemien er han likevel absolutt den mest stabile for oss.

Den humanitære marknaden derimot, svingar ut ifrå kvar som skjer rundt om i verda, og er også avhengig av kva internasjonale hjelpeorganisasjonar mottar av midlar til ein kvar tid.

– Typiske kundar av oss, som; Leger Uten Grenser, Unicef og Røde Kors, er store og etablerte humanitære organisasjonar som har infrastruktur til å nå fram til befolkninga i ein naudsituasjon. Nyleg støtta USA slike organisasjonar med store summar, noko som gjorde at etterspørsla etter produkta våre steig kraftig.

Nett no er det sveltkatastrofen i landa på Afrikas horn som er mest prekær. Almestad forklarar at dominoeffekten krigen i Ukraina skaper har ført til at eksporten som normalt ville ha gått til afrikanske land, har stoppa opp.

– Men, etterspurnaden kan fort snu. Viljen til å gje kan «tørke ut», eller det kan bli fred over heile kloden.

Det siste blir sagt i eit tone som tyder på at Almestad håpar, men ikkje trur.

– Den underliggande trenden er dessverre at behovet for hjelp, særskild til dei aller minste, berre aukar. Det er forferdeleg trist å sjå, men eg er glad vi har produkt som vi veit gjer ein stor forskjell for disse borna.

– Kva konkurransefortrinn har firmaet ditt?

– Dei fleste som driv firma i Noreg, med base i landbruksprodukt, vil nok seie at det er dyrt å produsere næringsmiddel i landet vårt. Arbeidskostnader, råvareprisar og energiprisar har skote i taket dei siste åra. Men, det er ein særs stor fordel at G. C. Rieber Compact er norskeigd og har ein norsk leiing. Dette gjev oss konkurransefortrinn i forhald til berekraft, etiske verdiar innan næringslivet, og i forhold til transparent.

– Kva meiner du med «transparent»?

– Konkurrentane våre gjer det beste dei kan ut ifrå sine forutsetningar, men veldig mange av dei, til dømes dei som heldt til i Asia, eksisterer i eit samfunn med heilt andre haldningar enn dei vi har her ho oss. Korrupsjon er eitt element – likestilling og likebehandling av arbeidarar uansett samfunnslag, er andre.

Almestad reiegjer for at det at bedrifta ho leier kjem frå Noreg, har det norske verdisettet og den nordiske leiarstilen – altså er det ho kallar transparent – blir opplevd som positivt, og gjev dei veldig stor «kred» ute i verda.

– Kundane våre veit kva dei har med å gjere. Dei stolar på retningslinene våre, på kvaliteten vår, og at vi er ein trufast og grundig leverandør. Dei trur på det vi seier, og veit at fakta stemmer overeins med verkelegheita.

– Kva er den største utfordringa dykkar?    

– Vi lever i ei uføreseieleg verd, noko som skaper ein ustabil marknad for oss. Nokre år er etterspurnaden etter produkta våre stor, andre år er marknaden meir laber. Det å skape ein stabil lønnsamheit over tid er vanskeleg, og den variable etterspurnaden i den humanitære marknaden gjer at det er nærast umogleg å vere føre var.

Det at dei kjøper råvarene sine på den globale marknaden gjer i tillegg G. C. Rieber Compact ekstremt internasjonalt eksponert.

– Frakt, konteinarmangel, den politiske situasjonen, endra import og eksportregimer, valutaeksponering – alt dette påverkar oss, ofte over natta. Det er veldig mykje vi dagleg må sjonglere med for å navigere i mylderet av retningsliner. Dette er ingen kjedeleg bransje, fastslår Almestad.

Korleis er rammevilkåra i bransjen dykkar? Er det noko du ville ha endra på?              

– Rammevilkåra i vår bransje er forhaldsvis fastlåste, sidan den humanitære marknaden står for om lag 80 prosent av lønnsamheita.

Eit hjartesukk har direktøren likevel:

– Vi eksporterer til land der norske myndigheiter har eit minimalt nærvær, og vi kjenner oss litt aleine der ute i verda. Om vi til dømes har behov for å vite korleis myndigheitene i Sør-Afrika ser for seg importavgifta dei komande åra, må vi gjere alle undersøkingar sjølv. Eit ønskje frå mi side ville derfor ha vore at norske myndigheiter står meir for sine eigne ord om å ønskje seg norsk eksport, ikkje berre for særskilde sektorar, men òg at det omfattar oss som driv innan næringsmiddelsektoren. Korleis ein kan få til ei endring er eit anna spørsmål, men eg ser at behovet er til stades.

– Kva planer har de for framtida?   

– Ganske konkret å halde fram slik vi gjer no. For eigaren vår, G. C. Rieber, er dette ei verdibasert verksemd, og leiinga vil at vi skal drive på måtar som hjelper best mogleg. Men, drifta og omsetnaden vår må bli meir føreseieleg, og då er vi nøydde til å ha fleire retningar i porteføljen vår.

Almestad viser til at krigen i Ukraina har ført til at myndigheiter, òg i vårt eige land, oppfordrar sivile borgarar til å opparbeide beredskap, blant anna mat og drikke for 72 timar, i heimane sine. Trusselen om krig gjer at òg vi her i vesten blir meir merksame på at ein bør sikre seg det ein treng i ein eventuell vanskeleg situasjon i framtida.

– Økt bekymring i samfunnet gjev stadig større etterspurnad på den private marknaden. Eg vil opne opp for at private kan handle hos oss. Som nytilsett ser ein på drifta med friske auge, og eg trur denne verksemda har mykje å hente ved å spreie risikoen og ha fleire bein å stå på. Moglegheitene er nærast utøymelege, for bruksmoglegheitene for produkta våre er enorme.

Ho veit om maratonløparar som har tatt produkta deira i bruk, og om fjellfolk som puttar eit par porsjonar i sekken, for sikkerheits skuld.

– Sjølve konseptet til produkta våre er universale, så eg ser for meg at vi framover utforskar andre marknader meir aktivt enn det vi til no har gjort.

Fakta om G. C. Rieber Compact:                                                                                                    

  • Produserer næringsmiddel retta mot menneske i akutte naudsituasjonar.
  • Har kontoravdeling og produksjon på Søfteland, samt produksjonsavdelingar i India og Sør-Afrika.
  • Tilsette på Søfteland er 48 personar. Totalt, med avdelingane i India og Sør-Afrika, er talet 230.
  • Omsetnad i 2021 var ca. 320 millionar.
  • Eigd 100 % av G. C. Rieber AS.
  • Administrerande direktør er Susanne Almestad.
  • Etablert i Bergen i 1948.
  • Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd.
  • Nettside: www.gcrieber-compact.com.
G. C. Rieber Compact
G. C. Rieber Compact
G. C. Rieber Compact