01.03.2023

Vi snakkar med Solcelleexperten

Straumprisane og Solcelleexperten AS har hatt følgje til himmels det siste året.

Tekst: Irene R. Mjelde

I 2015 gjorde Nordsjø-arbeidaren Morten Folkmann gründer av seg. Han hadde lenge merka seg at miljøtanken stod stadig sterkare. Solceller måtte vel difor vere tingen for framtida, resonnerte han. Det fekk han rett i.

– Idéen om det grøne skiftet breidde om seg, òg i offshorenæringa. Eg starta i det små i heimeperiodane. Eg tok ikkje opp lån, men skaffa meg leverandørar og ein arbeidsvillig gjeng med lokale handtverkarar til å montere etter kvart som kundane melde seg. Sakte og sikkert bygde eg opp mi eiga vesle solcellebedrift.

Det gjekk slik som alle veit, og veksten har vore like formidabel for Solcelleexperten som han har vore for straumprisane det siste året. Grunnstammen på tre-fire innleigde montørar har auka til fem heiltidstilsette og like mange innleigde. Dei seks millionane Solcelleexperten omsette for i 2021 vil for dette året vera auka til over 20 millionar. Arbeidsmengda harmonerte ikkje lenger med det vesle tilleggsprosjektet Folkmann hadde hatt i tankane då han starta.

– Då hjarteinfarktet ramma i fjor innsåg eg at den ekstreme veksten måtte møtast med profesjonalisering og fordeling av arbeidsbyrde, fortel han.
Inn på bana kom difor blant andre Kenneth Tveit – på eigarsida, og som styreleiar i aksjeselskapet.

– Det første vi gjorde var å få oversikt og kontroll. God bedriftskultur og godt omdømme hos leverandørar og kundar hadde Morten allereie opparbeidd, rosar Tveit.

– Kva konkurransefortrinn har Solcelleexperten?
– Det perfekte namnet vårt er eit av dei. At vi har kunnskap og erfaring heilt frå 2015 er eit anna. Det å ha ei kundeportefølje og referansar frå så mange år tilbake er ein stor fordel no når det stadig poppar opp nye aktørar på marknaden, konstater styreleiaren.
– Vi er eit godt team som utfyller kvarandre arbeidsmessig, påpeiker Folkmann.
– Vi har gode, stabile og seriøse leverandørar, og vi har særs dyktige montørar som står på i all slags vær. No har vi fått på plass tre faste team, samt tre på innleige, noko som skal kunne redusere ventetida for kundane frå eit halvt år og ned til eit par månader.

– Korleis er solcellemarknaden no for tida? 
– Det er reine «Klondyke-tilstanden» og det gjer det ekstra viktig å ha beina på jorda, understrekar Tveit.

– Bransjen er i ei rivande utvikling, men vi vil ikkje ta på oss meir enn vi klarar å handtere. Vi skal drive lønsamt og berekraftig og ha eit langsiktig perspektiv.

– Kva er den største utfordringa dykkar?  
– Hovudutfordringa har vore å skaffe nok arbeidskraft i form av montørar. Men, vi ser no etter kvart at yrket begynner å bli meir attraktivt som bransje.

– Bjørnafjorden kommune har no, med den nye vegen mot Bergen, ein unik moglegheit til å utvide dei geografiske grensene sine for heile næringslivet. Vi får eit større nedslagsfelt, men det kjem òg til å bety mykje for rekruttering av tilsette. I tillegg ser ein omsider at handverksarbeid begynner å bli meir attraktivt for unge.

– Det finst inga eiga utdanning for solcellemontørar. Vi må tenke tverrfagleg, og hentar inn arbeidskraft innan til dømes bygg, elektro og design. Kanskje vi i framtida kan vere med å legge føringar for korleis solcellemontøryrket kan inngå i ein utdanningsveg, og også vere med på å styre utviklinga av bransjen? funderer Folkmann.

– Med litt meir ressursar kunne vi til dømes ha utvikla komponentar og gjort oss sjølvforsynt på leverandørsida, i staden for å kjøpe frå Kina og andre land, ymtar han vidare.

– For meg har det òg vore ei stor utfordring å få tids- og logistikkabalen til å gå opp; å skape ein god arbeidsdag for montørane, følgje opp kundane før, under og etter at anlegget er på plass, rekke å svare på mail. Tidlegare reiste eg personleg på synfaring for kvar einaste oppdrag. Det har eg ikkje lenger sjans til.

– Med ein slik vekst som dette firmaet har hatt seier det seg sjølv at éin mann ikkje kan rekke over alt, skyt Tveit inn.

– No arbeider vi saman for å opprette ulike system som skal gjere at vi kan oppretthalde den gode servicegraden som Morten har opparbeidd.

– Korleis er rammevilkåra i bransjen dykkar? Er det noko de ville ha endra?
– Bergen kommune har tidlegare gjort seg ei målsettingar om produsering av megawatt som dei ikkje er i nærleiken av å ha sjans til å oppnå. Eg kunne veldig gjerne tenkt meg klarare signal om kva stat og kommune ser for seg. Utan klare retningslinjer er det vanskeleg å forberede seg for framtida, sukkar Folkmann.

– Private får god støtte til montering av solcelleanlegg. Den same løysinga innan næring ville hatt ein gedigen miljøeffekt.

– Kva verdi ser de i å vere medlem av Bjørnafjorden næringsråd?
– Som medlem i næringsrådet blir vi inkludert i næringslivet i kommunen. Samhaldet, det å bruke kvarandre si kompetanse, behalde verdiskapinga i kommunen, styrke og gjere kvarandre gode, tener alle. Som bedrift skal ein ta eit bevisst samfunnsansvar, og det å vere synleg i heimkommunen din er viktig uansett kva bransje du driv i, fastslår Tveit.

– I den fasen som Bjørnafjorden er inne i, etter kommunesamanslåinga, ligg det mange utfordringar – men der ligg og minst like mange moglegheiter. For å kunne nytte dei er det viktig å ha eit sterkt og samla næringsliv.

– Eg hadde særs stor verdi av medlemsskapet heilt i starten av etableringa, kommenterer Folkmann.

– Gjennom dei blei eg fort kjent med andre aktørar i næringslivet. Dessverre blei det fort for travelt til at eg fekk deltatt særleg ofte på arrangementa. Framover bør vi prioritere dette høgare, for å nå måla våre om å kunne dra vekslar på kvarandre,.
Det er viktig for drifterane bak Solcelleexperten å rekruttere lokalt, innan både leverandørar, partnarar og montørar.

– Vi skal tilføre arbeidsplassar til kommunen. Vi skal tileigne oss kunnskap og ikkje minst behalde han i Bjørnafjorden og på Vestlandet. Det skjer altfor ofte at store multinasjonale selskap ser moglegheiter der det er pengar å hente, og køyrer over småbedrifter.
Solcelleexperten har godt samarbeid med nære konkurrentar.

– Vi deler erfaringar og hjelper kvarandre med utstyr og spesialkompetanse. Vår felles filosofi er å tileigne oss mest mogleg kunnskap lokalt, behalde han her, og slik vere sterkare rusta til å vere uavhengig av Austlandet, og utlandet.

– Kva planer har de for framtida?   
– Det første er å få på plass ei skikkeleg heimeside. Ho er så dårleg at til no har tilstrøyminga av nye kundar for det meste gått via jungeltelegrafen, innrømmer Folkmann.

– Ho kjem, lovar Tveit.

– Det gode grunnlaget Morten har skapt blir no knadd og forvalta på ein ny måte, og vi lagar ein langsiktig strategiplan for dei kommande åra. Vi er ekstremt opptatt av å bygge god bedriftskultur, og behalde det gode omdøme. Samtidig reknar eg med at vi i løpet av 2023 har dobla talet på fast tilsette, anslår han.

– Vi skal forsterka posisjonen vår som den ledande solcelleaktøren i Vestland.

– Eg arbeider framleis offshore. Etter 30 år i faget vågar eg ikkje å gje slepp på den faste stillinga, seier Folkmann.

– Men no består gründerbedrifta mi av fire eigarar. Vi bygger ein organisasjon – riggar oss finansielt, organisatorisk og marknadsmessig for åra som kjem.
Ein særskild spanande sak er på gong. Meir vil dei ikkje røpe no, men utpå nyåret kjem dei med ei oppdatering.

– Ønskje vårt er ikkje å bli størst på marknaden – det er å bli best.

Fakta om Solcelleexperten:                                                                                             

  • Monterer solcelleanlegg for private og for næringsliv.
  • Har kontor og administrasjon i Ulvenvegen 30 på Os.
  • Har i tillegg til administrasjonen per i dag fem heiltidstilsette og fem innleigde montørar.
  • Omsetnad inneverande år er 20 millionar.
  • Morten Folkmann er hovudaksjonær med 51 prosent av aksjane. Dei resterande 49 prosentane er eigd av Robe-Invest AS, Hjørnevik Invest og Tveit Invest.
  • Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd.
  • Nettside: www.solcelleexperten.no
Solcelleexperten