04.11.2022

Vi snakkar med UniProtect AS

Medlemspraten denne månaden er med Bjørnar Vik, dagleg leiar i UniProtect AS, som held til i Strandvik, Fusa. Bedrifta sørgjer for trygge bruer for bilkøyrarar og togreisande over heila landet.

Tekst: Irene R. Mjelde

Med nærare 100 års erfaring innan faget, fordelt på dei tre eigarane; Baard Norstrand, Kjetil Storås og Bjørnar Vik, er kundane i trygge hender hos UniProtect AS.

Bedrifta har hovudkontoret sitt lokalisert i Strandvik i Fusa, med avdelingskontor på Askøy og på Sunndalsøra, men oppdraga deira går føre seg rundt om i heile Noreg. Då vi ringer dagleg leiar, Bjørnar Vik, er han på plass på eit oppdrag på Mørekysten, på Krifast – Kristiansund og Frei sin fastlandsforbindelse.

– Fortel litt om firmaet ditt!
– UniProtect har spesialisert seg på å utføre overflatebehandlingar på stål – sandblåsing, sprøytemaling, og metallisering (termisk sprøyting). I hovudsak dreier det seg om rehabilitering og vedlikehald av jernbanebruer og bruer på veganlegg, men me har og ein god del oppdrag innan kraftverk, og behandlar der alt som er av vassvegar. Innimellom, når me har kapasitet til det, bygger me òg stillas til eigne prosjekt, men stort sett blir dette ei innleigd teneste hos leverandørar.

– Kva konkurransefortrinn har UniProtect?
– Vårt største konkurransefortrinn er den lange erfaringa vår innan faget. I åra som har gått sidan etableringa i år 2000 har vi stort sett jobba innan det same segmentet. I tillegg har me veldig flinke, ivrige og iherdige medarbeidarar med oss på laget.

Miljøtanken er no i fokus hos svært mange bedrifter, men då Vik starta i bransjen for 30 år sidan, var det ei heilt anna verd med tanke på miljøomsyn.

– Miljømessig har det vore ei radikal endring til det betre, både for medarbeidarane våre og for ytre miljø. Krava er strenge når det gjeld utslepp, og hos oss blir alt avfall tatt vare på og destruert på forsvarleg måte.

Uniprotect er ei kvalitet- og miljøsertifisert verksemd, i samsvar med dei internasjonalt anerkjente standardane ISO 9001:2015 og ISO 14001:2015. Dei garanterer ein systematisk kvalitetskontroll, og fokus på miljø og berekraft.

– UniProtect har i alle år arbeidd kontinuerleg med forbetringar innan desse elementa, og over tid har me bygd oss opp verdfull kunnskap og erfaring. Me veit kva som skal til for at me på best mogleg måte kan utføra prosjekta våre til høg kvalitet, og samtidig ha miljøomsynet med i bildet.

– Korleis er marknaden innan dykkar felt? 
– Han er varierande. Totalt sett er ordremengda heilt grei, men eg kunne ha ønska meg at dei var litt betre fordelt ut over året. Det er mange usikre variablar, men, no for tida er det god bevegelse i marknaden, og vintersesongen me har framom oss ser veldig bra ut.

Konkurransesituasjonen er stabil, fortel Vik, og det er stort sett dei same norske aktørane som går igjen i anbodsrundar.

– Av og til har det vore eit lite utanlandsk trykk, men dei har fordufta av seg sjølve for dei klarar ikkje å handtere det strenge systemet ein skal jobbe under her i landet.

Kundane deira heldt stort sett alle til innan våre eigne landegrenser.

– Me gjorde ein gong eit oppdrag i Tanzania, men elles heldt me oss i Noreg, ja. Me har riktig nok òg sett litt mot Sverige, men me har ikkje hatt kapasitet til å gå vidare med den tanken.

– Kva er den største utfordringa dykkar?  
– Det er å få kontinuitet og flyt i drifta gjennom heile året, i staden for at stordelen av arbeidet blir lagt til sommarmånadane. Mange offentlege byggherrar ventar på svar på søknader om løyvingar. Når dei så kjem med anboda sine langt utpå våren, og jobbane skal fordelast i juni, er halve sesongen allereie gått. Det gjer det vanskeleg for oss å planlegge særleg langt fram i tid. Ideelt sett burde anboda vore lanserte om hausten slik at planane var klare når våren kom.

Ein stor del av arbeidsstokken til UniProtect kjem frå Latvia.

– Dette skyldast at me slit med å finne norsk rekruttering. Innan dette yrket er tilgangen på lærlingplassar for norsk ungdom nærast null. Det er viktig at bransjeorganisasjonane arbeider aktivt med å promotere yrkesfag, og det kan faktisk sjå ut som at utdanningstrenden blant unge no er i ferd med å snu.

Ein del av utfordringa, meiner han, tilskriv seg at det er mykje reiseverksemd innan denne typen arbeid.

– Eg starta i dette arbeidet i ei tid då det var stas å reise rundt om, og slik få sjå litt av landet vårt. No er moglegheitene til å gjere dette så store på fritida. Mitt inntrykk er at det for norske arbeidarar ikkje lenger er like forlokkande å farte rundt i arbeidstida.

– Korleis er rammevilkåra i bransjen dykkar?
– I denne bransjen har me for så vidt eit ganske forutsigbart system. I det siste har me sett at ein del av dei store byggherrane har gjort ein liten endring i prosessen: I anboda sine vektlegg dei no gjerne helse, miljø og sikkerheit høgare enn prisen. Dette er ei veldig bra utvikling, både for marknad og for sluttbrukar. Det er nøydd til å vere pengar i prosjekta for at ein skal kunne sette helse, miljø og sikkerheit i høgsetet, og samtidig prioritere kvalitet.

Kva planer har de for framtida?   
– Framtidsplanane våre er å halde på slik me gjer no. Det er dette me likar å drive med.

Dei har ingen planar om å ekspandere.

– I periodar har me vore oppe i ein arbeidsstokk på 40-50 dagsverk, men det er dei gongane der prosjekta tilseier at det er nødvendig. UniProtect er ein av landets største aktørar innan vedlikehald av viktig infrastruktur. Me heldt oss til overflatebehandling av reint stål, og på det feltet har me vore ein av dei mestvinnande aktørane i mange år når det gjeld å få tilslag på anbod. Det er kjekt å vera akkurat passe store og likevel klare å terge på seg multiselskapa som er mykje større.

– Kva verdi ser de i å vere medlem av Bjørnafjorden næringsråd?

– Det at me har ein organisasjon som jobbar aktivt for bedriftene i kommunen er veldig positivt. Dei er ei drahjelp for alle. Men sidan me i UniProtect oppheldt oss lite heime i Bjørnafjorden og Fusa, har me ikkje fått nytta oss noko særleg av arrangementa til næringsrådet. Eg har difor ei lita utfordring til meg sjølv, å bli betre kjent med Bjørnafjorden næringsråd, og slik dei med oss.

Fakta om UniProtect:                                                                                                    

  • Utfører overflatebehandling av stålkonstruksjonar, hovudsakeleg på veg- og baneanlegg.
  • Drifta er lokalisert i Strandvik i Fusa, med avdelingskontor på Askøy og på Sunndalsøra.
  • Har 30 tilsette.
  • Har årleg omsetnad på om lag 50 millionar.
  • Har tre aktive eigarar; Bjørnar Vik, Baard Norstrand og Kjetil Storås.
  • Etablert i 2000.
  • Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd.
  • Nettside: www.uniprotect.no.
UniProtect AS
UniProtect AS
UniProtect AS
UniProtect AS
UniProtect AS