26.06.2021

Vi snakkar med Ulvenparken Eiendom!

– Vi har alt: Flotte lokaler, god parkeringsplass, god logistikk, tilkjørsel for store lastebilar, nærleik til busstopp og perfekt plassering, seier Ann-Elin Lepsøe Berge i eigedomsselskapet Ulvenparken AS.

Tekst: Cato Bruarøy

Fortel oss litt om drifta til Ulvenparken AS!
– Vi har gjennom 50 år bygd opp ein attraktiv bygningsmasse som no består av to bygg med rundt 5000 kvadratmeter leigeareal. Blant leigetakarane i dag er Head Energy, Bilpleie Experten, Mvaccounting, elektroentreprenøren Magnus M. Tunestvedt AS og Rehabspesialisten. Tradisjonsrike Os Biljard og Snookerklubb har også lokaler her.

Om vinteren har det vore utleige av sesonglager til privatpersoner, der 45 plassar har vore utleigd til bilar, båtar, bubilar, bussar og motorsyklar. Ulvenparken er ei lita familiebedrift, det er berre eg som arbeider på kontoret.

Kva konkurransefortrinn har de?
– I desse snart 50 åra familien har eigd denne eigedommen har vi bygd stein på stein og står no med to kombinasjonsbygg som er fleksible og for det meste har gode kvaliteter.

Leigeinntektene har i stor grad gått til å gjera bygg og eigedom endå flottare og moderne. Vi har lagt vekt på uteområde og fasade. Inne er mykje gjort, men vi vil foreta ytterlegare endringar etter kvart som vi får nye langsiktige leigekontrakter.

Plasseringa tett inntil Halhjemsvegen og nær tunnelopninga til nyevegen til Bergen, er på mange måter optimal. Vi har både kontorer, ein flott hall i 1. etasje og mange parkeringsplassar.

Korleis er det å få kundar no?
– Nett no har vi uvanleg mykje ledig. Ingeniørselskapet NDM var ein stor leigetakar. Då NDM vart kjøpt opp og fusjonert med Palfinger, flytta dei frå kommunen. Veidekke, som har arbeidd med nye E39 til Bergen, leigde deretter ein heil etasje.  Det store prosjektet med vegen her er ferdig. Frå november i fjor har Veidekke ikkje hatt det same behovet for mykje kontorplass i Os, og me har difor god kapasitet til å ta imot nye leigetakarar.

Kva er den største utfordringa?
– Vi har ein stor og flott hall ledig, så i dag er den største utfordringa å få til ein avtale med ei eller fleire større bedrifter. Alt det gamle utstyret i hallen er fjerna. Difor er det enkelt for nye leigetakarar å få den tilpasninga dei ynskjer. Eg synes det ville vore fint med endå fleire arbeidsplassar i kommunen.

Korleis er rammebetingelsane? Noko du vil ha endra?
– Eg vil ikkje klaga på kommmunen! Men sidan du spør kva som kunne vore gjort litt betre frå kommunen si side, vil eg svare «ny reguleringsplan». Reguleringsplanen for Kolskogen er frå 1974, og er på nokre måter gått ut på dato, sjølv om han vart pynta på for nokre år sidan. Her i området er vi mange små bedrifter.  Kolskogen er i praksis eit område med mange typer næring. Reint industriområde er det mange år sidan det har vore, om det nokon gong kunne kallast eit industriområde. Kvar gong nokon vil gjera noko må dei gjennom ein eigen reguleringsplan, så ein ny overordna reguleringsplan ville vore fint!

Slik det er no ser det ut til at kommunen ynskjer å plassere det meste på Osøyro. Der er det mange ulike næringer som ikkje passar inn, og då har dei få alternativ til etablering innafor kommunen. På Osøyro er det korkje parkering, god tilkomst for varelevering eller universel utforma uteareal, og det blir truleg lenge til dette fell på plass sjølv om det er planar om fleire parkeringsplassar. Kolskogen er på fleire måter eit betre område å lokalisera seg for mange bedrifter. Med ein ny overordna reguleringsplan vil det kunne bli ein meir koordinert utvikling av dette interessante næringsområdet.

  • Kva planer har Ulvenparken AS for framtida?
    Vi håper sjølvsagt at det på sikt blir meir trafikk av bedrifter frå Bergen til Os. I 2022 opnar nye E39 Svegatjørn-Rådal med over 16 kilometer firefelts motorveg. Med berre eit par hundre meter frå tunnellopninga blir Ulvenparken kanskje eit endå betre alternativ til leige i Bergen. Bjørnafjorden er ein kommune med gode kvalitetar som gjer at det er ein god stad å bu – og hos oss i Ulvenparken ligg alt til rette for å ha ein god arbeidskvardag. Me ynskjer fleire bergensarar velkommen!

    FAKTA ULVENPARKEN EIGEDOM

  • Utleige av kontorplassar og næringslokaler
  • Tidlegare kjent som Lepsøe-bygget
  • Samla areal 5.000 kvm fordelt på to bygg i Ulvenvegen 34-36
  • Ledig hall i 1. etasje på 1.800 kvm som i dag blir brukt til sesonglager
  • Sentralt plassert i Kolskogen like ved tunnelopning til nye E39 Os-Bergen
  • Leia av Ann-Elin Lepsøe Berge Eigd av same familie i 50 år
  • Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd
  • Nettside: www.ulvenparken.no