SANDS Advokatfirma går inn som Bjørnafjorden Næringsråd andre hovudsamarbeidspartner

Bjørnafjorden Næringsråd har vore så heldige å få Advokatfirmaet SANDS som hovudsamarbeidspartnar. Dette er eit advokatfirma som har følgt næringslivet i Os og Fusa i fleire tiår og som ønsker å bidra til å skapa verdiar for dei næringsdrivande her. Det er eit stort forretningsadvokatfirma som har ekspertar innanfor alle aktuelle rettsområde og som i tillegg har omfattande erfaring med dei viktige næringane på Vestlandet.

Advokatane i SANDS er opptatt av å gi deg dei råda du treng for å løysa utfordringane dine, og dei ser fram til å bli betre kjent med medlemmene i næringsrådet.

Sands Advokatfirma