Sparebanken Vest går inn som Bjørnafjorden Næringsråd første hovudsamarbeidspartner

I Bjørnafjorden Næringsråds aukande satsing på næringslivet i regionen vår, går Sparebanken Vest, Noregs tredje største sparebank og komplett finanshus for meir enn 290.000 bedrifts- og personkunder, inn som Bjørnafjorden Næringsråds første hovedsamarbeidspartner. Sparebanken Vest har vore ein av næringsrådets samarbeidspartnare sidan byrjinga gjennom blant anna Fjordfondet, og dette er en forsterkning og forlenging av dette samarbeidet.  

«Bjørnafjorden Næringsråd er eit av regionens viktigaste nettverka for næringslivet, og her har vi lyst til å bidra», seier banksjef Benedikte Toftesund.

«Sparebanken Vest er eigd av 290.000 vestlendingar, og har ein heilt forskjellig eigarmodell enn dei reine finansielle bankane. Vi jobbar dagleg med å bidra til å gjøre livet på Vestlandet endå litt bedre. Og vi erkjenner at oppgåva vår som samfunnsborger er større enn det lova pålegg oss. Gjennom heile vår historie har vi jobba for at lokalsamfunnet har hatt dei beste vekstvilkåra og utviklar seg berekraftig. Dette skal vi fortsetje med, og det betyr å ta ansvar både for lokalmiljø og globalt miljø.

Vi skal bidra til å skape ei betre verden gjennom kva prosjekt og kundar vi finansierer, og hvordan vi opptrer overfor kunder, samfunn og miljø.»

– Kva er viktig for Sparebanken Vest framover, og kva rolle ønsker de å spela i Bjørnafjorden?

«For oss er det viktig å vera ein bank som dannar lokale relasjonar med kundane våre, som er til stades i nærmiljøet ,er ein bank som er enkel å nå.  Vi ønsker å vera den banken kunden vel basert på vår tilgjengelighet, responstid og det at vi støttar lokalt engasjement i form av økonomisk trygd til lag og foreiningar som gjer ein forskjell for at mange barn og unge kan driva med aktivitetane sine.»

– Kva vil dere bruke partnarskapet i Bjørnafjorden Næringsråd til?

«Vi har lyst til å bli kjent med fleire bedrifter og gjera Sparebanken meir synleg for andre medlemmer i Bjørnafjorden Næringsråd.»

– Som hovudsamarbeidspartner, korleis ønsker de å bidra til næringslivet i regionen vår?

«Vi håper vi kan vera med å støtta oppunder næringslivet ved at banken kan vera med å finansiera spennande forretningsmuligheter saman med lokal skaparkraft. Vi ønsker å vera ein sparringspartner og bidra til eit kompetanseløft for grundera og nyetablererere.»

Les meir om Sparebanken Vest her!

Sparebanken Vest