27.01.2023

Vi snakkar med Bergøya AS!

I fem år har BergØya AS vore eit framtidsretta hobbyprosjekt. No er den tida over. Frå årsskiftet satsa dei tre gründerane for fullt på bedrifta si.

Tekst: Irene R. Mjelde

Barne- og ungdomskameratane Fridtjof Øyasæter, Lars Ole Heggland og Eirik Håland Berglund har i mange år samla kunnskap og erfaring innan faget sitt. Ved sida av faste jobbar har dei sakte, trygt og sikkert bygd opp ein stødig plattform for dei komande yrkesåra. 1. januar i år slapp dei taket i dei fleste taumane i sikkerheitsankera, og sette ut årene for IT-bedrifta BergØya AS.

Bjørnafjorden næringsråd har funne fram til dagleg leiar, Fridtjof Øyasæter, på kontoret deira i Gründerparken i Os sentrum.

– Eirik har framleis den faste jobben sin, og er med å drifter BergØya på «fritida», mens Lars Ole og eg no arbeider hundre prosent i bedrifta, fortel han.

– Vi oppretta firmaet i 2017, då vi alle tre var i innspurten av studietida. Sidan då har vi tatt på små og mellomstore IT-prosjekt på oppdrag. Mot slutten av fjoråret tilsa pågangen frå kundegruppa at vi hadde godt grunnlag for å gjere hobbybedrifta vår til eit heiltidsprosjekt.

– Fortel litt om firmaet ditt!

– BergØya er ei IT-bedrift med brei kompetanse innan programvareutvikling. Vi leverer det meste innan Web-, desktop- og mobilapplikasjonar, og skreddarsyr IT-system på bestilling.

Det er stor variasjon både i kundekrins og oppgåver for dei tre utviklarane.

– Akkurat no har vi fire ulike aktive kundar. Eit firma i Oslo har bestilt styringsprogramvara til bosskomprimatorar som skal brukast på offentlege bygg, og for eit anna Oslo-firma konstuerar vi programvara til desinfiseringsrobotar for bruk på sjukehus. I tillegg utviklar vi eit medarbeidaroppfølgingsverktøy, eit HR-system, for ein kunde i Bergen, og ein studentrabattapp for Studentkortet, òg lokalisert her i Bergen.

– Kva konkurransefortrinn har BergØya?

– Vi har mange fortrinn. Samanlikna med store IT-konsern er vi eit lite, men veldig stabilt og samansveisa team, som utviklar alle prosjekta saman. Vi har innarbeidd ein effektiv arbeidsmetodikk, som gjer at vi kan levere kvalitetsrik programvare, og som eit lite firma har vi lave kostnader, noko som gjer at vi kan levere systema våre til ein rimelegare pris enn det dei store aktørane kan.

Tilbakemeldingar viser at kundane deira set stor pris på å kunne forhalde seg til dei same personane gjennom heile prosessen.

– Fleire av kundane våre har frå tidlegare dårleg erfaring med store IT-selskap. Vi er trygge på at det er store fordelar med å vere ei lita bedrift.

Dei har alle tre høg kompetanse i programvareutvikling. I tillegg har dei variert bakgrunn ut over IT-feltet.

– Eirik er både dataingeniør og siviløkonom, og jobbar per i dag som utviklar og finanskonsulent, og Lars Ole har ti år bak seg som programutviklar, samt høg kompetanse innan grafisk design. Eg sjølv er sivilingeniør innan konstruksjonsteknikk, og har fleire år bak meg i ein leiarstilling i eit av landets største totalentreprenørfirma.

Dei utfyller kvarandre såleis godt.

– Den varierte bakgrunnen gjer at vi kan bidra med domenekunnskapar ved dei ulike bestillingsprosjekta. Med det meiner eg at vi har oversikt og forståing for behova til kvar enkelt kunde. Erfaringa vi har gjer at vi lettare kan sjå for oss dei prosessane og oppgåvene som programvara vi utviklar skal utføre.

– Korleis er marknaden innan dykkar felt? 

– Marknaden er generelt veldig god i IT-bransjen. Næringslivet skrik etter denne kompetansen, ettersom stadig fleire bedrifter ser seg nøydde til å digitalisere. Behovet for programvare og datainnsamling vil sannsynlegvis vere høg i dei kommande åra. Allereie no ser vi at vi har sikra oss nok kontraktar til at drifta vil gå rundt i 2023.

– Kva er den største utfordringa dykkar?  

– Vi har éi stor og klar hake – sal og marknadsføring. Vi er tre datanerdar, og ingen av oss verken trivst med, eller er særleg kunnskapsrike innan dette. Hittil har vi sloppe å drive aktivt med slike oppgåver, sidan alle oppdraga har kome til oss via vener og kjende, men no når vi arbeider på fulltid i BergØya må vi nok bli flinkare til å utføre den biten av drifta òg.

– Kva planer har de for framtida?   

– Toårsplanen vår er i første omgang å sikre oss ei stabil ordrebok og ein fornøgd kundebase. Vi har ein visjon om å bli leiande IT-selskap i eigen kommune, røper den daglege leiaren.

Dei ser for seg at dei kjem til å tilsette to nye utviklarar i løpet av dei to neste åra. Trekløveret bak BergØya fokuserer på kvalitet framfor hurtig vekst. Inntektene frå dei tidlegare «hobbyåra» har dei spart. Det har gitt dei ein god backup i form av eigenkapital for eventuelle varierande inntekt dei første åra.

– Ein langsiktig plan er å ein gong i framtida kunne bruke litt tid til eigenutvikla prosjekt. Vi har fleire idéar liggande klare til den tida kjem då firmaet er meir robust og kan tole at vi set av tid til dette. Men no i startfasen er det tryggast å satse på å utføre reine konsulentoppdrag på bestilling.

– Kva verdi ser de i å vere medlem av Bjørnafjorden næringsråd?

– Bjørnafjorden næringsråd er ein perfekt arena for nettverksbygging. Ved å delta på kursa og samlingane deira blir vi kjent med andre aktørar i kommunen, og kan slik på ein enkel og naturleg måte finne nye kundar og samarbeidspartnarar, påpeiker Øyasæter.

– Som medlem får vi hauste godt av erfarings- og kunnskapsoverføring på tvers av bransjar.

Alle dei tre gründerane er oppvaksne i Bjørnafjorden kommune.

– Den lokale tilhøyrsla gjorde det å ha kontor i Bjørnafjorden gründerpark til eit naturleg val. Det skjer mykje i kommunen vår, og ved å halde til i gründerparken er vi midt i smørauga.

Fakta om BergØya AS:                                                                             

  • IT-firma med spesialisering innan programutvikling, og strukturering og analyse av store datamengder.
  • Har kontor i Bjørnafjorden Gründerpark på Osøyro.
  • Har 3 tilsette.
  • Budsjetterer med ein omsetnad på 2,5 millionar dette første reelle driftsåret.
  • Eigarar og driftarar er Fridtjof Øyasæter, Lars Ole Heggland og Eirik Håland Berglund.
  • Etablert i 2017.
  • Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd.
  • Nettside: bergoya.no
BergØya AS