Torsdag 28. mai – kl 19:30
Årsmøte i Bjørnafjorden Næringsråd
Stad: kantina Framo Fusa
Dato: 28. mai
Tid: 19:30
Enkel servering og nettverksbygging
Årsmøtepapirer blir delte på denne sida frå og med 21. mai.
Dagsorden:
Forutan saksgangen som gjengjeve i saksliste vil me få følgjande:
- Framo Fusa gjev ein presentasjon (20 min). Framo som er den største verksemda i kommunen både i omsetning og i talet på tilsette, har gjennomgått ein periode med stor vekst. Bli betre kjend me kva som skjer i hos dei og i deira marknad.
- Presentasjon av næringsrådet sin oppdatert strategi
Saksliste:
Sak 1: Konstituering
Godkjenning av innkalling og saksliste. Val av møteleiar, referent og to medlemmar til å skrive under protokollen.
Sak 2: Årsmelding
Gjennomgang av året som har gått og godkjenning av årsmelding. Ved styreleiar Solfrid Ørnes og dagleg leiar Kristian Bruarøy.
📋Les utkast til årsmelding med rekneskap her (utvida rapport og presentasjon kjem til møtet)
Sak 3: Rekneskap for 2025
Gjennomgang og godkjenning av det reviderte rekneskapet for 2025.
Sak 4: Medlemskontingent
Behandling av framlegg om ny medlemskontingent. Kontingenten har stått stille sidan 2024. Styret foreslår ei auke på 5 prosent (avrunda):
Bedrifter i Os Sentrumsforening, Fjord´n Nærsenter og Thon Senter Os følgjer nivå 1 som tidlegare. Nyetableringar har gratis kontigent i etableringsåret.
Sak 5: Innkomne framlegg og saker
Styret har retta eit forslag om vedtektsendring i vedtektene § 5: Styret og sekretariat.
📇Vedtekter (gjeldande)
Paragrafen går slik i dag:
—
Bjørnafjorden Næringsråd sitt styre skal vera 7 personar. Det skal veljast 2 varamedlemmer. Styremedlemmene vert valde for 2 år om gongen, slik at halve styret skiftevis står på val kvart år. Leiaren vert vald av årsmøtet ved særskilt val for eit år, elles konstituerer styret seg sjølv, og vel m.a nestleiar. Varamedlem til styret, valnemnd (3 personer) og revisor vert vald for 1 år, på årsmøtet.
Styret kan tilsetje lønt dagleg leiar / sekretariat og arbeida ut instruks for denne. Den tilsette eller innleigde daglege leiar / sekretariat står for den daglege drifta i næringsrådet i samsvar med den stillingsinstruks som gjeld til ein kvar tid.
—
Styret sitt forslag er at varamedlemmene blir valgt i rekkefølge, som nummer 1 og nummer 2.
Forslag til justert §5:
—
Bjørnafjorden Næringsråd sitt styre skal vera 7 personar. Det skal veljast 2 varamedlemmer i rekkefølgje som varamedlem 1 og varamedlem 2. Styremedlemmene vert valde for 2 år om gongen, slik at halve styret skiftevis står på val kvart år. Leiaren vert vald av årsmøtet ved særskilt val for eit år, elles konstituerer styret seg sjølv, og vel m.a nestleiar. Varamedlem til styret, valnemnd (3 personer) og revisor vert vald for 1 år, på årsmøtet.
Dersom eit av styret sine faste medlemmer trer ut av styret før perioden på 2 år har gått, trer første varamedlem inn i rolla som fast styremedlem for same periode som det faste styremedlemmet hadde. Varamedlem som trer inn i ei slik rolle vert ikkje ersatta før val på neste årsmøte.
Styret kan tilsetje lønt dagleg leiar / sekretariat og arbeida ut instruks for denne. Den tilsette eller innleigde daglege leiar / sekretariat står for den daglege drifta i næringsrådet i samsvar med den stillingsinstruks som gjeld til ein kvar tid.
—
jf. § 10 i vedtektene er det krav om 2/3 fleirtal av dei avgitte stemmene for å bli vedteken.
Sak 6: Val
Valkomiteen legg fram sitt forslag i møtet.
6.1 Val av styreleiar (Veljast ved særskilt val for 1 år).
6.2 Val av styremedlemmer (Styremedlemmer veljast for 2 år, slik at halva styret skiftast ut kvart år).
6.3 Val av 2 varamedlemmer (Veljast for 1 år).
6.4 Val av revisor (Veljast for 1 år).
6.5 Val av valnemnd (3 personar, veljast for 1 år).
Valkomiteen sine medlemmer:
Frank Moberg
Cathrine Elisabeth Smith
Lisbeth Graue Eide
Abonner på nyhetsbrev og få oppdateringer på arrangement
Våre samarbeidspartnere








