ECIT Os AS går inn som ny hovudsamarbeidspartnar

Bjørnafjorden Næringsråd har vore så heldige å få ECIT AS Os som ny hovudsamarbeidspartnar. ECIT er ein lokal regnskapsfører på Os, med sterkt fokus på å utnytte ny teknologi. De er opptatt av å finne løysingar som gjør det enklast mogleg for bedriftar i Bjørnafjorden og omegn å drive selskap.

«Vår lokale forankring i Bjørnafjorden gir oss tette relasjonar med kundane, og god kunnskap om lokalmarknaden. Verdiar skaper vi saman. Det viktig med eit sterkt samhald i kommunen. På den måten kan vi saman skapa attraktive arbeidsplassar, bruka kvarandre aktivt som sparringspartnere,  spela kvarandre gode og skapa ei fin ramme for næringslivet i kommunen.

Vi ønsker å vera ein aktiv samarbeidspartnar i næringsrådet og kommunen generelt. Vi føler vi har mykje kompetanse å bidra med til næringslivet, innanfor både rådgiving, rekneskap, IT og berekraftig utvikling.»

Vi i Bjørnafjorden Næringsråd, ser fram til godt samarbeid med ECIT Os!

Ecit