14.10.2021

Vi snakkar med Loops – reklamebyrå på Os med nasjonale kundar

Reklamebyrået Loops på Os har tilsette som har vunne gullblyanten, grafill og ei rekkje andre nasjonale og internasjonale prisar. No ynskjer dei å byggje ein sterkare profil for næringslivet i Bjørnafjorden.

Cato Bruarøy

Vårt viktigaste konkurransefortrinn er nok kvalitet. På nokre område er Loops blant dei beste i landet, og me har fleire nasjonale kundar, fortel Kåre Mongstad.

Saman med Joachim Nøkleby starta Kåre Loops for 10 år sidan, begge med lange karrierer i andre selskap. Joachim fra trykkeribransjen i Bergen og Kåre etter ein 16 år lang karriere i det store Stavangerbyrået Fasett der han jobba for store internasjonale konsern og var med på å vinne prisar gjeve prisar for arbeidet, både i Noreg og utlandet.

Loops hjelper i dag med både små lokale og større nasjonale kundar med å bli tydelegare i kommunikasjonen sin.

Auka kapasitet
Loops har sju tilsette på kontoret på Osøyro og eit nettverk av samarbeidspartnarar i Norge og utlandet. Siste tilskotet er erfarne Ann Christin Nøss, kjent for merkjevarebygging på Voss for både Kari Traa, Bula, Visit Voss og andre sterke brands frå Voss.

– Det er så flinke folk i Loops, og potensialet for å byggja ein endå sterkare profil for Bjørnafjorden og bedriftene her er stort. Me arbeider med identitetsdesign, der det grafiske designet «berre» er ein del av av ein strategi for å få meir og riktig merksemd, seier Ann Christin.

Då ho flytta frå Voss tilbake til Bjørnafjorden etter 27 år, byrja ho å arbeide i Os og Fusaposten, og har slik fått eit godt inntrykk av næringslivet i kommunen.  Ho har i mange år hatt eit ynskje om å arbeida i Loops, og no er ho på plass som ein sterk strategisk ressurs.

På Voss var Ann Christin sentral i arbeidet med å byggja kommunen Voss som merkjevare. Ho meiner mykje av det same arbeidet kan gjerast I vår kommune.

– Bjørnafjorden har mange kvaliteter som ikkje er koordinerte eller kommuniserte. Det hadde vore kjekt å få jobba meir med å byggje kommunen sin identitet, og helst i samarbeid med mange andre lokale. Korleis kan vi best byggje stoltheit for kommunen vår? Det hadde vore ein spennande prosess!

Totalleverandør
I tillegg til «vanlege» reklamebyråtenester som identitetsdesign, produksjon av reklamemateriell, logo, nettside, trykksaker, annonser og kampanjer på sosiale medier, er Loops store på leveranse av skilt, frosting og reklame på bilar. Berre for Presis Veidrift har Loops foliert over 300 biler frå Nordkapp til Lindesnes.

Loops sitt eige merkeløfte er «Våre løsninger får fart på dine!»

Her er Næringsrådet sine 5 spørsmål til Loops AS:

  1. Kva konkurransefortrinn har de?
    Kvalitet i leveransane, altså at det vi leverer faktisk er nyttig og gjev positive endringar for kundane.
    Alle tilsette I Lopps har høg, relevant utdanning, og me har levert også til store kunder i ei lang rekkje bransjer. Alt me gjer for kundane har eit strategisk mål, og så leverer me kvalitet til rett tid. Me kan handtverket og er stolt av faget.
  2. Korleis er det å få kundar no?
    Det har opna litt opp siste tida. I koronaperioden opplevde me at beslutningstakarane sat på heimekontor. Dei tok ikkje beslutninger som omhandla merkjevarbygging og profilering i same grad som då dei sat I kontorfellesskap.
  3. Kva er den største utfordringa?
    Mange kundar har redusert oppdragsmengda. Kommunen var i mange år vår aller største kunde, no er dei ikkje lenger på topp 10. Når det er sagt, så har me hatt eit særs godt samarbeid med kommunen i mange år og håper at oppdragsmengden kjem tilbake.
  4. Korleis er rammebetingelsane? Noko de vil ha endra?
    Vi har ikkje noko me vil ha endra i rammebetingelsane. Men me har lyst til å vera ein bidragsytar til meir samarbeid lokalt – byggje identiteten til oss som bur her, få endå meir fram i lyset dei bedriftene som held til her og eit sterkare nettverk lokalt.
  5. Kva planer har Loops for framtida?
    Me ynskjer å fortsette med å hjelpe kundane våre og slik bidra til å styrkje næringslivet lokalt. Med Ann Christin på plass har me endå sterkare erfaring med å byggje merkenavn og identitet for dei som vil satse nasjonalt og internasjonalt.

FAKTA LOOPS AS

  • Leverer reklamebyråtenester på print og nett, skilt, frosting og foliering av bilar
  • Etablert av Kåre Mongstad og Joachim Nøkleby i 2010
  • Joachim Nøkleby er dagleg leiar
  • Omsetnad på ca 5 millioner kroner i året (korona-tall!)
  • 7 tilsette (frå 2021)
  • Nasjonale, regionale og lokale kundar
  • Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd
  • Nettside: www.loops.no
Loops
Loops
Loops