28.05.2021

Vi snakkar med Austestad Transport!

– Vi køyrer 100.000 kubikk i året!

Sidan 1986 har Hans Arvid Austestad bygd opp suksessbedrifta Austestad Transport AS i Eikelandsosen. No har han og eldstesonen Hans Bjarte fire store tømmerbiler, og dei er totalt fem fast ansatte som driv den viktige tømmertransporten.

Av Cato Bruarøy

Fortel oss litt om drifta til Austestad Transport!
– Vi driv med tømmertransport og har fire tømmerbiler som går i eit stort distrikt, for det meste Hordaland nord for Stord og heilt til grensa til Sognefjorden. Vi har og ein tippbil med tilhengjar og maskintralle til maskinflytting.

Kva konkurransefortrinn har de?
– Me har dyktige sjåførar, lang erfaring og har levert kvalitet i mange år. Firmaet vart aksjeselskap først i 2008, men eg har drive med tømmertransport sidan 1986, og før det arbeidde eg med termotransport. No frakter vi kring 100.000 kubikkmeter tømmer i året. Vi er også utdanna tømmermålarar og måler tømmeret etter at vi har lasta på bilane.

Korleis er det å få kundar no?
– Vi køyrer mest for AT Skog, eit skogeigarsamvirke som har over ein milliard kroner i årleg omsetnad. Det er tidlegare Vestskog som vart fusjonert med skogeigarane i Agder og Telemark. Så vi kjører for skogsentreprenører og private skogeigarar. Mykje av tømmeret går til eksport.

Kva er den største utfordringa?
– Det er å få tak i dyktige sjåførar! Så no vurderer vi å tilsetje ein lærling og så lære han opp i vårt system. Vi har gode ordningar for dei tilsette, mellom anna frivekeordning der kvar sjåfør køyrer i tre veker og deretter har ei veke fri.

Korleis er rammebetingelsane? Noko du vil ha endra?
– Vi slit med dårleg vegnett og vegar med lavt akseltrykk. Spesielt det at vi ikkje får lov til å dra tilhengjar på kommunale og fylkeskommunale vegar hemmer oss veldig. Det er vanskjeleg å få kommunane til å forstå at vi slit mindre på vegnettet med ein tilhengjar enn om vi som no køyrer frem og tilbake unødvendig med tom bil på returen. Akseltrykket er det samme uansett, så ein hadde spart mykje også for miljøet om det hadde vore lov for tømmertransportører å dra ein tilhengjar på desse mindre vegane.

Kva planer har Austestad Transport AS for framtida?
– Eldstesonen min, Hans Bjarte, kjem snart til å overta som dagleg leiar. Han driftar bilane no og har vore med i leiinga av selskapet lenge. Eg synes det er kjekt at han vil ta over, og at han får ei solid og god bedrift som vi saman har bygd opp over mange år.

FAKTA AUSTESTAD TRANSPORT AS
* Tømmertransport i eit stort område i gamle Hordaland
* Fire bilar og fem sjåførar
* Kontor i Eikelandsosen
* Omset for kring 11 millioner kroner årleg
* Leia av Hans Arvid Austestad og Hans Bjarte Austestad
* Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd
* Nettside: www.austestad.com

Austestad Transport
Austestad Transport
Austestad Transport
Austestad Transport