31. mars 2023
Vi snakkar med Safe Bemanning AS!
Stillinga hans gjev han god oversikt, både over bedrifta si og over arbeidsmarknaden.
Tekst: Irene R. Mjelde
– Fortel litt om firmaet ditt!
– Safe Bemanning AS er, som namnet tilseier, ei bedrift som leiger ut personale. Hovudsakleg til bedrifter i Vestland, men vi har hatt oppdrag i dei aller fleste fylka i landet, reiegjer Ødemark.
Bemanningsbedrifta hans har spesialisert seg innan fire ulike retningar. Bygg- og anleggsbransjen er den desidert største av dei. Her har dei tømrarar, murarar, betongarbeidarar, malarar, fasademonterarar, flisleggarar og rivningsarbeidarar på lønningslista. Frå industriavdelinga leiger dei ut til dømes sveisarar, produksjonsarbeidarar, platearbeidarar, CNC-operatørar og mekanikarar.
– Kort sagt kan vi hjelpe dei aller fleste bedrifter med innleigd arbeidskraft. I avdelinga vår for installasjon har vi elektromontørar, røyrleggarar og ventilasjonsmontørar, og frå logistikkavdelinga kan vi leige ut truck-førarar, sjåførar og lagermedarbeidarar. 95 prosent av oppdraga våre dreier seg om stillingar innan fysisk arbeid, men vi kan òg vere behjelpeleg innan andre bransjar om kundane våre har behov for det.
– Kva konkurransefortrinn har Safe Bemanning?
– Vårt største fortrinn er det sterke fokuset vi har på å vere tett på både kundane og kandidatane/medarbeidarane våre. Vi er nøye på å gje nye medarbeidarar ein god start, og utover i arbeidsforløpet har vi tett oppfølging for å sikre stabile og sikre arbeidsforhold. Blant anna har vi månadlege samtalar med kvar og ein av medarbeidarane, gjennom fysiske eller online møter.
Desse faste samtalane gjer leiinga hos Safe Bemanning nyttig marknadskunnskap, og praten gjer det òg mogleg å fange opp eventuelle problem, som at ein arbeidar ikkje trivst ved arbeidsstaden han har fått tildelt.
– Med på det meste 180 arbeidarar på lønningslista er det mange å ta vare på. Men vi er ni fast tilsette på kontoravdelinga, og vi sørgjer for å vere systematiske og strukturerte i oppfølginga.
Safe Bemanning arrangerer fotballkampar, padeltennis og båtturar for arbeidarane sine.
– Slike sosiale treff gjev oss moglegheiter til å bli nærare kjent med medarbeidarane våre. Noko som igjen gjer oss sterkare rusta til å innfri målsettinga om å ivareta arbeidsgjevaransvaret vårt på ein god måte.
– Kva verdi ser de i å vere medlem av Bjørnafjorden næringsråd?
– Safe Bemanning har alltid hatt mange gode, solide samarbeidspartnarar i Os. Det at Elin Slettebakken, som er både tilsett og på eigarsida hos oss, er busett der, gjer oss ei naturleg forankring i Bjørnafjorden kommune.
Å vere med i nettverket til næringsrådet karakteriserer Ødemark som gull verd.
– Vi arbeider stort sett på kvart vårt kontor. Ved å delta på arrangementa til næringsrådet kjem vi oss ut og treffer andre aktørar, og det midt i smørauga. Ved å prate med andre og skape relasjonar, får vi gode tips om nye moglegheiter i marknaden, både direkte og indirekte. Det er ein behageleg måte å drive business på, avgjer den daglege leiaren.
«Aktivitet skaper aktivitet» er mantraet til Ødemark og kollegaene hans.
– Dei sosiale treffa gjev oss òg moglegheit til å tilby våre råd og tips til andre. Det er noko med det, å spele på lag og slik gjere kvarandre gode.
– Korleis er marknaden innan dykkar felt?
– Dynamikken er alltid stor i arbeidsmarknaden. Noko skjer kvar einaste dag. Det er konkursar, avdelingar som blir avvikla, det er flytting, nokre skil seg og andre igjen er misfornøgde med sjefen sin. For tida er ikkje trykket så stort hos oss. Det vitnar om at det er få arbeidsledige akkurat no.
Ødemark fortel at byggmarknaden lenge har vore stabilt god, men at denne no er prega av renteaukinga.
– Folk flest skyt ikkje lenger frå hofta. Dei tenker seg litt nøyare om før dei går i gang med husbygging. Når det gjeld oppdragsmengda for avdelinga Installasjon så følgjer denne oppgangar og nedgangar i byggmarknaden, fortel han.
– Men industrien er spådd fem gode år framover, og der har vi tenkt å vere med. Ved avdelinga Logistikk er det alltid på det jamne. Der er det lett å føreseie arbeidsmengde.
– Kva er den største utfordringa dykkar?
– Dét forandrar seg stadig, og utrykket «Det er anten flo eller fjøre» stemmer godt for vår del. Det har lenge vore vanskeleg å skaffe nye medarbeidarar. Her har den langsiktige strategien med å ta godt vare på dei vi har kome oss til gode.
No er det kampen om kundeoppdraga som merkast best for bemanningsbedrifta.
– Det er dei daglege utfordringane våre, i grove trekk. Om ein leiter er det sjølvsagt ei mengd andre småutfordringar å finne, men dei treng eg ikkje ramse opp her, ler Ødemark.
– Korleis er rammevilkåra i bransjen dykkar? Er det noko de gjerne ville ha endra?
– Ja, det er det! Den 1. april kjem regjeringa med nye reglar. Dette tilseier dramatiske endringar for vår bransje. For å kunne nytte seg av innleigd arbeidskraft etter denne datoen må ei bedrift ha dette med i tariffavtala si. Dei som ikkje har dei rette punkta på plass vil berre kunne leige inn arbeidskraft som erstattar ein fast tilsett, ein som til dømes er ute i permisjon, er sjukemeld eller har ferie.
Dette meiner Ødemark vil gå sterkt ut over dei små og mellomstore bedriftene.
– Store aktørar har som oftast alle nødvendige tariffavtalar på plass, mens dei små sjeldnare har tid og ressursar til å etablere tariffavtalar. Dei har meir enn nok med å sørge for ei lønsam bedrift. Dette er etter mi meining urettferdig, og noko som vil skape gedigne utfordingar framover.
– Kva planer har de for framtida?
– Vi har planar om å fortsette som ein solid, lokal aktør på innleigemarknaden. Vi skal vere dyktig på leveransar og dyktig på oppfølging av medarbeidarar. Og vi skal sikte mot ytterlegare vekst, på ein fornuftig måte.
Fakta om Safe Bemanning:
- Tilbyr bemanning innan bygg, industri, installasjon og logistikk.
- Har kontor i Hardangerveien 72 på Midttun.
- Har ni tilsette på kontoret og jamt over rundt 150 arbeidarar ute i felten.
- Omsetnad for 2022 var 89 millionar.
- Eigarar er Petter Ødemark, Elin Slettebakken og Elisabeth Lyngbø, som alle arbeider i firmaet.
- Etablert i 2015.
- Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd.
- Nettside: www.safebemanning.no